– Eg liker veldig godt namnet på denne aksjonen. Det er heilt sant at kvart barn er ei mulegheit, og det er viktig at barn på flukt får ein mulegheit til å gå på skule og få seg ei utdanning, seier Hamada Harba.

Har flykta sjølv

Han er frå Syria, og flykta frå heimlandet på grunn av krigen. No bur han i Nordhordland, og i år er han med å organisera innsamlingsaksjonen i Lindås kommune saman med Per Ole Ekker, som er leiar for frivilligsentralen i kommunen.

Å oppleva at heimlandet ditt blir boma i stykker, kan vanskeleg beskrivast med ord.

– Sjølv om eg bur her no og trives godt her, så går tankane mine heile tida tilbake til det landet eg kjem frå. Det er dei som er barn i dag som ein dag skal byggja oppigjen det som er øydelagt i Syria. Det er veldig viktig å ta vare på borna og gje dei ein god oppvekst, seier han.

Harba synest det er godt at han kan bidra med å hjelpa barn frå sitt eige heimland på denne måten.

Til skule og læremateriell

Pengane som samla inn til Unicef skal gå til barn frå fem land: Syria, Colombia, Sør-Sudan, Mali og Paksitan. Pengane som vert samla inn skal brukast til å skapa trygge læringsmiljø, bygga opp klasserom, skaffa skuleutstyr og læremateriell, samt gje lærarar og rektorar teknikkar for å minimera konfliktnivået blant dei unge.

– Unicef er ein stor og solid organisasjon som mange nordmenn kjenner til frå før. Dei er opptatte av å halda administrasjonskostnadane nede slik at pengane som vert samla inn i størst muleg grad går direkte til hjelpeprosjekta, ikkje til drifta av organisasjonen, seier Ekker.

Treng bøssebærarar

I Lindås er det brukt for ein stad mellom 230–250 bøssebærarar.

– Me veit av erfaring at folk gjerne venter til i siste liten med å melda seg, men då er det ikkje så lett å organisera aksjonen, så me set stor pris på om folk som har lyst til å gå melder seg på på førehand, seier Ekker.

Dei er særleg på jakt etter bøssebærarar i området Myking, Vabø og Romarheim, Dyrkolbotn, og andre område der folk bur litt spredd.

Vil du bli bøssebærar kan du melda deg via nettet på nettsida: Blimed.no. Dette gjeld uansett kva kommune du bur i. Du kan også melda deg på ved å ta direkte kontakt med frivilligsentralen i din kommune.

Ta gjerne med barna

– Mange blir med som bøssebørarar og tar det som ein søndagstur. Me prøver å dela inn kommunen i område slik at kvar bøssebærar ikkje treng å gå på dørene i meir enn 1. time, seier Ekker.

– Du kan gjerne ta borna med deg når du går. Det er viktig at born får læra om dette og får vera med på slikt, seier Harba.

Dei håpar mange har lyst til å gje pengar til aksjonen. Har du ikkje kontantar på deg når bøssebærarane ringjer på døra, så vert det i år også mulegheit til å bruka Vips.

– Ein kan gi på mange måtar. Både på dørene, ved å ringja eit nummer, via Vips eller på andre måtar, seier Ekker.

Håpar på rekord

I samband med TV-aksjonen brukar det gjerne å bli litt konkurranse mellom kommunane om kor innbyggjarane gir mest.

– Lindås brukar å liggja sånn omtrent på gjennomsnittet når me samanliknar oss med andre kommunar av same storleik, seier Ekker.

Det kan endra seg i år, og innsamlingsgruppa i Lindås håpar sjølvsagt på både ny lokal og ny nasjonal rekord.