– Det blir ganske intenst med regn, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved meteorologisk institutt.

Fra tysdag kveld til onsdag morgon har Meteorologisk institutt varsa om mykje regn i Hordaland, med farenivået oransje.

Gult farenivå

NVE har også sendt ut varsel om flom- og jordskredfare på gult farenivå.

Meteorologen melder at det tysdag vil komme 60 millimeter nedbør i løpet av berre seks timar, og 80 millimeter på 12 timar.

– Det blir nedbør heile dagen, men også kvar dag hele veka. Det er venta eit nytt lavtrykk mot helga og me er inne i en dårlig stim, dessverre, sier Fagerlid.

Trafikkoperatør Katrina Kvåle i Vegtrafikksentralen oppfordrar bilistar til å vera forsiktige.

– Kjør etter forholda. Når det kjem så mykje regn, er det fare for at det kan komma ras, så ver merksam, seier ho.

Statens vegvesens entreprenør er satt i beredskap.

– Dei står klar til å rykka om det skulle vera noko.

VÅTT: Slik ser langtidsvarselet ut for Lindås. Foto: skjermskot/Yr

Kan komma snø

Ifølge meteorologen vil det også bli ganske kjølig både tysdag og onsdag.

– Det er ikkje tvil om at me er inne i seinhausten og tidleg vinter. Det er ikkje utruleg viss det snør litt, det var snø på Ulriken måndag.

Fagerlid fortel at det også er venta ein god del vind i løpet av tysdagen.

– Det er mykje ver på gang. Du bør følga med på vervarslinga om du skal ut på tur, spesielt med tanke på faren for flom og jordskred.