Vedtaket er no gjort for denne og andre saker som har vore oppe til debatt i Stortinget i dag.

Som venta var det stor støtte til Nordhordlandspakken, i avrøystinga i Stortinget var det berre Raudt sin eine representant som sa nei.

1,48 milliard med bompengar

Nordhordlandspakken skal få fart på bygging av nye vegar og vegutbetringsprosjekt i regionen. Finansieringsplanen seier at det skal krevjast inn 1.480 millionar kroner i bompengar, og i tillegg skal det brukast 60 statlege millionar, og Hordaland Fylkeskommune er inne med 280 millionar kroner.

Av bompengepotten på 1,48 milliardar vil det gå med 210 millionar kroner til å dekka innkrevjingskostnader og til drift av bompengeselskapet, og 110 millionar vil gå med til å dekka finansieringskostnader (ein ønskjer å låna pengar for å komma raskast mogleg i gang med bygginga).

Dermed står det att 1,16 milliardar av bompengane til å faktisk bygga veg for, i tillegg til pengane frå stat og fylke.

– Større arbeidsmarknadsregion

Saksordførar Jonny Finstad (Nordland Høgre) la fram innstillinga frå Transport- og kommunikasjonskomiteen. Han viste til at finansieringsplanen viser at det er prosjekt for 1,8 milliardar, men berre 1,5 milliardar i inntekter.

– Pakken legg til rette for ein større bu- og arbeidsmarknadsregion i Nordhordland, sa Finstad.

Kirsti Leirtrø frå Ap gav støtte til pakken, og viste til at Nordhordlandsregionen har høge ulukkestal i trafikken, noko nye vegar kan hjelpa med.

DETTE ER PROSJEKTA: Dette er prosjekta i Nordhordlandspakken, i prioritert rekkefølgje. Per i dag vert det jobba parallelt med dei tolv første prosjekta. Finansieringsplanen viser at kostnaden per i dag er 1,8 milliardar, medan netto inntekter er kring 1,5 milliardar. Skal det verta pengar nok til alle prosjekta på lista må ein anten klara å halda kostnadene nede, eller få auka inntekter (som Nordhordlandsbrua fekk på grunn av sterkare trafikkvekst enn venta).

Frp kritiske

Tor André Johnsen frå Frp sa i si innlegg at dette ikkje var nokon pakke eigentleg, samanlikna med andre pakkar ein ønskjer seg no i desse førjulstider. Johnsen var særleg kritisk til at bilistar på E39 må betala for utbetringar på fylkesvegane i Nordhordland, og etterlyste at fylket sjølv tar fatt i dette.

Når det gjeld Nordhordlandspakken viste Johnsen samstundes til at det er lokal politisk støtte til pakken, noko hans parti og regjeringskollega Høgre ikkje vil stilla seg i vegen for. Han sa i sitt innlegg at Frp har stemt mot i alle lokale instansar, noko som ikkje stemmer heilt, Radøy Frp gav si støtte til bompengepakken då den var oppe i kommunestyret der.

Johnsen viste vidare til at Høgre og Frp under handsaminga i transport- og kommunikasjonskomiteen hadde med ein merknad om at passeringstaket burde vera 40 og ikkje 50 passeringar kvar månad (over dette kjører ein gratis ut månaden).

Sp-spark til Frp

Hans Inge Myrvold frå Sp viste til at det er behov for betre vegar i denne regionen, med tanke på den utviklinga ein ventar seg i Nordhordland med auke i folketal og trafikk. Samstundes kom han med eit spark til Frp sin statsråd Ketil Solvik-Olsen for at det her vert vedteke eit nytt prosjekt med høge bompengar for bilistane, og etterlyste meir pengar til fylkeskommunane med tanke på oppjusteringar av fylkesvegane.

Jon Gunnes frå Venstre vektla at dette er ein bompengepakke med lokal forankring. Gunnes var kritisk til Tor André Johnsen sin kommentar om å kutta passeringstaket frå 50 til 40 passeringar i månaden, og viste til at eit lågare passeringstak må gje høgare takst om inntektene skal vera den same.

Spørsmålet om justeringar av passeringstaket tok elles ein stor del av både debatten og replikkrunden under handsaminga i Stortingssalen.

– Fylkesvegpakke

– For mange i Nordhordland er dette eit bra prosjekt, sa statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp), samstundes som han la til til at det ikkje er like bra for alle dei som må betala.

Ketil Solvik-Olsen, Frp Foto: Skjermdump Stortinget.no

Statsråden la også vekt på at det må vera sterk kostnadskontroll, sidan det ikkje er finansiering til alle prosjekta i pakken.

– Her er det eit viktig arbeid å gjera vidare, sa Solvik-Olsen.

Kritikken frå Sp tok ikkje statsråden til seg, Solvik-Olsen sa at det her vart retta bakar for smed.

– Om Sp meinte at dette burde vera riksvegar, skulle ikkje partiet ha overført riksvegar til fylkesvegar då dei sat med departementet, sa statsråden, og sa det var populisme å seia at ein var mot bompengar og så ikkje stemma mot slike prosjekt når dei er framme i Stortingssalen.

– Eg trur dei fleste er glade for at desse prosjekta vert sette i gang, så kan ein vera usamde i korleis finansieringa er.

Les meir om pakken her: Nordhordlandspakken på veg til Stortinget

Skarpe replikkar

Siv Mossleth frå Sp sa i replikkrunden at det ikkje er i samsvar med Frp sin motstand mot bompengar at Solvik-Olsen har lagt fram ein NTP der 135 milliardar av finansieringa er bompengar. Statsråden svara at Sp sine innlegg såg ut til å vera meint til å strø salt i eit sår, der Frp ikkje klarer å gjennomføra sin primære politikk for bompengar

– Fleirtalet i Stortinget kan ikkje kritisera regjeringa for å gjennomføra den politikken som fleirtalet i Stortinget har vedteke, svara statsråd Solvik-Olsen, og la til at bompengeandelen går ned med den siste NTP-en som hans departement har lagt fram.

Arne Nævra frå SV meinte at Solvik-Olsen burde seia seg samd med bompengar utifrå at det er den som foruienar som skal betala.

– Det er forureinar som skal betala, men spørsmålet er kor mange gonger ein skal betala, svara statsråd Solvik-Olsen, og la til at det er ei rekkje avgifter på kjøp og bruk av bil.

– Gledens dag

Ruth Grung frå Ap sa at dette var ein gledens dag for både Nordhordland og Bergen, og la til at det er eit imponerande handverk som er gjort, der alle har fått sin del av pakken.

Ruth Grung, Ap Foto: Skjermdump Stortinget.no

– Hovudpådrivar er næringslivet som ser at det trengs betre framkommelighet om ein skal ta ut potensialet for vidare vekst, sa Grung, som også viste til høge ulukkestal i trafikken i Nordhordland.

– Neste runde må vera vegane mellom Nordhordland og Bergen, med lange køar i dag.

Jon Askeland om vegpakken: – Skulle gjerne hatt meir statlege midlar

Lite statleg veg

Torill Eidsheim frå Høgre (og frå Meland) sa at dette er ei etterlengta vegutbygging som no er i gang, for ein region som kan få 45.000 innbyggarar innan 2030, og der det alt no er mange industribedrifter, særleg knytt til Mongstad.

Torill Eidsheim, Høgre Foto: Skjermdump Stortinget.no

– Fylkesvegnettet er mellom det eldste ein har, med stort behov for utbetringar, sa Eidsheim, som også etterlyste ny veg inn mot Bergen.

Om den statlege andelen på 60 millionar viste Eidsheim til at det berre er E39-prosjekta som er statlege i denne pakken, samt at nokre av dei fylkeskommunale millionane kjem frå Staten.

Eidsheim ba elles om at ein såg nøye på utbyggingskrava for prosjekta, for å finna moglege innsparingar.

– No må me få bygd vegane

Styreleiar i Nordhordlandspakken AS, Radøy-ordførar Jon Askeland, seier at det er kjekt å sjå at Nordhordlandspakken etter så mange år endeleg er klar til gjennomføring.

– No må me komma over i produksjonsfasen og få bygd desse vegane, seier Askeland, som når pakken er vedteken kan la Nordhordlandspakken gå vidare til eige eit kontaktutval som skal driva gjennomføringa av prosjekta.

– Me kan vera stolte, men ikkje nøgde. Det er meir å kjempa for, seier Askeland, med tanke på behovet for ei betre vegløysing mellom Nordhordlandsbrua og Vågsbotn.

– Men det som i alle fall er klart, er at det gjeld same spelereglar for å få pengar til veg i Nordhordland, som det gjeld i andre delar av landet, sa Askeland.

Vil du sjå debatten som var i Stortingssalen: Stortinget sitt videoarkiv