Politiet melde klokka 11.10 at tre bilar hadde vore involvert i ein kjedekollisjon på Frekhaug.

– 3 personar blir sende til legevakta etter ulukka, som skjedde like før Frekhaug senter. Me går ut frå at det dreier seg om lettare skader, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt.

Det danna seg raskt lange køar i begge retningar, og alle naudetatane kom raskt til staden.

– Bilberging er på gang, og me reknar med at trafikken snart vil flyta fint, seier Næss ved 11.30-tida.

Dei fem som var med i dei tre bilane kom seg raskt ut av kjøretøya på eiga hand.

Like etter klokka 11.30 var bergingsbil på staden for å få kjøretøya ut av vegen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
Tre bilar var involvert i ulukka. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
Redningstenester var kjapt på plass Foto: Erlend Nordland Kristiansen