I juni innførte alle kommunane i Nordhordland totalforbod mot å fyra opp eld utandørs på grunn av uvanleg tørrt og fint sommarvêr. Forbodet vart oppheva etter nokre kraftige regnbyger, men når ein ser kor fort flammane spreidde seg i terrenget på Vikanes i går, så er det absolutt grunn til å be folk tenkja seg om både ein og to gonger før dei brenner bål.

– Det er frykteleg tørt. Dei regnbygene me hadde ein periode hjalp overraskande lite. Det er nesten like tørt igjen som det var tidlegare i sommar, fortel brannsjef Karl Johannes Romarheim i Lindås, Meland og Modalen.

Per no er det det generelle forbodet mot å fyra opp eld i skog og mark i perioden 15. april til 15. september som gjeld her hjå oss. Forbodet vart litt mindre strengt etter at det vart innført ei ny forskrift i januar 2016. I lovteksten heiter det no at «Det er likevel tillatt å gjøre opp ild der det åpenbart ikke kan medføre brann".

– Men du skal argumentera rimeleg godt for å kunna seia at det er forsvarleg å fyra opp bål no, seier brannsjefen.

Han seier at det er ein del kommunar som har innført totalforbod igjen, men han håpar i det lengste å unngå det.

– Me reknar med at folk forstår at det er veldig tørt no, og ter seg deretter, men dersom me ser at folk ikkje gjer det, så kjem me til å vurdera å innføra totalforbod inntil det kjem meir nedbør, seier han.