Det var i 16-tida måndag at vegvesenet melde om at Hordviktunnelen på E39 vart stengt, etter at eit vogntog tok opp i takkonstruksjonar inne i tunnelen.

Køkaos

Ikkje lenge etter kom dei same meldingane frå Fløyfjellstunnelen. Vogntoget hadde igjen vore oppi taket, slik at også denne pluss Eidsvågtunnelen blei stengt.

Dermed var kaoset i gang. Tankbilar, bussar og bilar prøvde å snirkla seg via Steinestøvegen, og i Salhus blei det full propp. På nordsida av brua stod køen over heile Flatøy og gjennom Knarvik.

Fleire tok til kommentarfelt på sosiale media for å få ut sin frustrasjon. Ein lesar ringde også Strilen og sukka seg over at ingen tok styring på å dirigera trafikken sørover om Salhus, og trafikken nordover om Hordvik.

– Har politiet verkeleg ikkje ein plan for å løysa dei trafikale problema på E39 frå Vågsbotn til Nordhordland?

Mista lappen

Ifølge BT blei vogntogsjåføren stoppa i Bergen på veg sørover etter å ha komme frå Nordhordland.

– Han blei stansa i Fløyfjellstunnelen og tatt med vidare til Dokken. Der gjennomførte patruljen eit avhøyr og tok frå han førarkortet, fortalte operasjonsleiaren i politiet til avisa.

Dagen viste igjen kor sårbar trafikken i bergensområdet er om ein tunnel eller to må stenga over lengre tid. Og når ting endeleg begynte å løsna ut på kvelden, blei trafikken frå vest og inn mot Bergen stengt i fleire timar ved Lyderhorntunnelen. Grunnen var ei ulykke kor ein person blei påkjørt og omkom.