Fredag 26. januar fekk nye fagarbeidarar i Nordhordland utdelt fag- og sveinebreva sine under årets Sveinegilde på Alver Hotell.

I 2017 var det heile 58 lærlingar som bestod fag-/sveineprøva, og som dermed kunne smykka seg med tittelen fagarbeidarar. Under utdelinga var 39 av dei samla på Alver Hotell, der dei fekk overrekt beviset på at dei har bestått utdanninga, og er klare for arbeidslivet.

Sjølve overrekkinga var det dagleg leiar på Opplæringskontoret for Nordhordland, Lillian Vabø Mongstad, som stod for. Rektor på Knarvik vidaregåande skule, Kari Espelund Bruvik, var kveldens festtalar.

I tillegg var der flotte kulturelle innslag ved Henriette Søvik, Josefine Oppedal, Isak Dingen Johansen, Vilde Haukeland, Gabriella Haugsdal og Jon Martin Skauge frå Masfjorden kulturskule. Etter utdelinga var det tid for festmiddag og talar. Fleire av ordførarane i Nordhordland nytta sjansen til å seia nokre ord til dei nyutdanna fagarbeidarane.