Førstkommande måndag stenger Nordhordland lensmannskontor passkontoret.

– Passboksane skal demonterast, og då vart det vanskeleg å halda ope. Det at vi må stenga kom litt brått på, det vart litt tidlegare enn vi såg føre oss, seier politioverbetjent Ivar Holmaas til Strilen torsdag.

Passboksane skal vera oppe å gå igjen i frå 13. mars. Holmaas oppfordrar no dei som har passtimar før den tid til å bestilla ein ny time.

– No vil vi varsla alle som har bestilt time. Om det hastar så skal vi prøva og finna ei løysing, men viss det ikkje hastar gjeld det å få ein time etter 13. mars.

– Det er utfordringar nok med pass i utgangspunktet, men sånn gjekk det denne gongen, legg politioverbetjenten til.

Før dei siste somrane har det vore passkø ved kontoret i Knarvik.