Natt til torsdag 9. november tok eit jordras med seg deler av fylkesvegen forbi Molde på Dalsøyra. Eit naust, nokre tre og ei telelinje rauk i lag med vegen, men heldigvis var det ikkje trafikk der akkurat då vegen rasa ut.

Gulen kommune melder no at det vert jobba med ein omkjøringsveg, for kjøretøy opp til 7.500 kilo, og at den skal vera klar innan måndag morgon (den 20. november).

– Om det ikkje blir store nedbørsmengder, vil det vera kontinuerlig arbeid fram til denne er ferdigstilt, innan måndag klokka 07:00.

Parallelt med arbeidet på omkøyringsvegen blir det og jobba med den permanente vegen forbi rasstaden på Dalsøyra, denne vil bli ferdigstilt innan fredag 24. november klokka 07:00.

Les også: Raset deler bygda i to