Strilen sitt opplag går samla sett ned med 74, frå 5668 andre halvår 2018 til 5594 første halvår 2019.

– Ein redaktør kan aldri seie seg nøgd med opplagstal med negativ utvikling, men eg er særs glad for at Strilen sitt opplag står omtrent på staden kvil, i ei tid med store endringar for avisa, seier Fjeld.

Digitalt fokus

Fjeld påpeiker at det journalistiske arbeidet er omorganisert, der dei digitale oppgåvene har vore i sentrum.

– Strategisk arbeider vi med Strilen i et langt perspektiv. Strilen er her for å bli, og journalistikken vår skal ha eit solid og berekraftig, økonomisk fundament å stå på på den andre sida av det digitale skiftet. Dette arbeidar vi no med kvar dag for på sikre, seier redaktøren.

Størst i Nordhordland

Opplagstala for første halvår, veksten i talet abonnentar so langt i andre halvår, og ein del andre indikatorar tyder på at Strilen er der Fjeld vil at avisa skal vere.

– Vi feirar sjølvsagd at vi står trygt i posisjonen vår som nummer 1-avis for Nordhordland og Gulen, smiler Fjeld.

Avisa Nordhordland sitt opplag går tilbake med 89, frå 4947 til 4858.

Redaktøren avsluttar med litt skryt av redaksjonen og marknadsavdelinga i Strilen.

– Dei imponerer meg stadig. Seinast no i valkampen, og i etterspelet etter valet, har redaksjonen markert seg kraftig. Hadde eg vore fotballtrenaren deira, so hadde eg sagt at dette er ein gjeng som blør for drakta. Eg gler meg til framtida.

Ni av ti med digi-tilgang

– Norske medium er ein viktig del av folks kvardag. Derfor er det positivt at mediehusa held fram å få med seg lesarane over på dei digitale flatene. At brukarane er villig til å betale for det gode innhaldet, lovar godt framover, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL til NPK/NTB.

Ifølgje MBL er den dominerande betalingsmodellen komplett, altså papiravis og digital tilgang i eitt og same abonnement. Denne typen utgjer 52 prosent av opplaget.

Veksten for det reine digitalopplaget held fram, og ni av ti abonnement er no med digital tilgang, medan seks av ti abonnement framleis inkluderer papirutgåver.

Omtrent uendra for lokalavisene

Lokalavisene held seg omtrent på same nivå. Opplagstalet for dei 110 LLA-avisene var 351.000, ein nedgang på marginale 0,3 prosent.

– Det er godt å sjå at opplaget til lokalavisene er nokså stabilt. Vi gler oss òg over LLA-avisene si satsing på digital innovasjon, seier generalsekretær Rune Hetland.

Dei ti største

Dette er dei ti største norske mediehusa basert på opplagstala for første halvår 2019:

  1. Aftenposten 252.000

  2. VG (inkludert VG+) 250.000

  3. Dagbladet (inkludert. Dagbladet Pluss) 91.000

  4. Bergens Tidende 83.000

  5. Adresseavisen 67.000

  6. Stavanger Aftenblad 62.000

  7. Fædrelandsvennen 37.000

  8. Aftenposten Junior 30.000

  9. Klassekampen 30.000

  10. Morgenbladet 30.000