Klokka 09.06 melde 110 Hordaland at lekkasjen var stoppa.
Måndag morgon like før klokka 08.00 fekk politiet melding om lekkasje på Mongstad.
– Det skal vera ein lekkasje av LPG, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
LPG står for liquefied petroleum gas, på norsk flytande petroleumsgass.
– Både brann og politi kjører ut, samt ein ambulanse, sidan det jobbar ganske mange folk der, seier Knappen.
Lekkasjen var inne på raffineri-anlegget, og mellom 600 og 700 tilsette vart evakuerte i morgontimane.
– Så langt er det ikkje meldt om fare for ei stor ulykke, men Equinor tek sine forholdsreglar, sa operasjonsleiar Knappen.
I 10-tida melde politiet at faren var over og at dei avslutta aksjonen på staden. Drifta på anlegget blei starta oppatt ikkje lenge etter.