Det var klokka 9.25 onsdags morgon at naudetatane fekk melding om ei alvorleg trafikkulykke mellom eit vogntog og ein bil på fylkesveg 57 på Espeland i Lindås.

I 15.30-tida melder vegvesenet at vegen igjen er opna, etter å ha vore sperra i over seks timar.

Alle naudetatane rykka straks ut til staden då meldinga kom, der ein person vart sittande fastklemt i etterkant. Ei stund etter viste det seg at livet ikkje stod til å redda.

Ved slike alvorlege ulykker pleier det å gå lang tid før vegen opnar igjen, der både naudetatar og åstadsgranskarar skal gjera ferdig sitt arbeid. Dermed hopa køane i området seg opp. Mange valte å snu i køen, og politiet gjekk sjølv rundt til bilistane og fortalte at vegen kom til å bli stengt lenge, slik at bilistane kunne vurdera omkjøringsmoglegheiter.