– Det er ingen brann. Det er snakk om røyk frå ein viftereim i ventilasjonsanlegget. Det har lukta litt svidd gummi og vore litt røyk, men ikkje noko meir. Brannvesenet held på å lufta ut og rydda saman no, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen, Håkon Myking.

Røyk på loft

Det var ca. kvart på 11 i formiddag at meldinga om røykutvikling ved Myking skule kom.

– Det er meld om røyk frå eit loft på skulen, fortalde Myking i brannvesenet.

Alle elevane blei evakuerte til ein annan del av skulen. Klokka 11.26 er beskjeden at situasjonen er avklart og elevane er i ferd med å returnera til klasseromma.

PÅ PLETTEN: Mannskapar frå Lindås, Knarvik og Åsane rykka ut mot Myking skule. Foto: Livar Aksnes

Full utrykking

Brannvesenet rykka ut med fullt mannskap frå Lindås og Knarvik. I tillegg blei det sendt ein lift frå Åsane. Dei første brannmannskapane var på plass like etter klokka 11.

– I utgangspunktet rykker me alltid ut med fullt mannskap ved ei melding frå ein skule, men det gjerne an på meldinga som kjem.