Har du tips/bilde frå stormen? Send inn til desk@strilen.no eller tlf: 97 15 10 20.

09.30: Fedje-ferja går igjen

08.50: Sjølv om det var mykje vind i natt også, har verken politiet, brannvernet eller BKK meldt om spesielle hendingar som følgje av vêret.

Laurdag kl. 07.01: Norled melder at ferja mellom Leirvåg og Sløvåg er i ordinær drift igjen. Det er ikkje meldt om at Fedje-ferja er i trafikk igjen.

Fredag kveld vart både Fedje-ferja og ferja mellom Leirvåg og Sløvåg innstilt på grunn av dårleg vêr. Norled Sævrøy-avgangen til Fedje klokka 17.35 var den siste som gjekk, medan siste avgang på det andre sambandet var klokka 17.15 frå Leirvåg.

Uvêret direkte fredag formiddag:

11.45: Norled melder at ferja mellom Leirvåg og Sløvåg er i drift igjen. Dermed går alle ferjene i vårt distrikt som normalt.

11.01: I følgje BKK er det no berre tre husstandar i Masfjorden som manglar straum. Dei andre som mista straumen skal ha fått han tilbake no.

10.52: Norled melder at trafikken på ferjesambandet Oppedal-Lavik går som normalt.

09.46:

09.06: Fedje hadde blant dei kraftigaste vindkasta langs kysten i natt, ifølge Meterologisk institutt.

Foto: twitter/Meterologisk institutt

08.55: Fylkesveg 413 mellom Ystebø og Valdersnes på Radøy er stengt grunna eit tre som ligg over vegen.

08.47: I Modalen er fylkesveg 345 på strekninga Modalen-Steinsland stengt på grunn av eit snøras. Dette skjedde torsdag, og vegen er stengt inntil vidare.

08.30: 171 abonnentar i Masfjorden er utan straum. Feilen er markert i området Stølsheimen/Stordalen og har forventa innkopling mellom klokka 10.30 og 12.

08.21: På sambandet over Sognefjorden, Lavik-Oppedal, gjekk rutene klokka 7.30 og 8 ut. Inntil vidare er rute B innstilt grunna sterk vind.

08.17: Ferja mellom Sævrøy og Fedje var innstilt i morgontimane. Den kom i rute att frå klokka 7.30.

08.04: Sambandet Leirvåg-Sløvåg har vore innstilt sidan klokka 5.31, melder Norled. Alternativ omkjøring er via E39 eller kabelferja Masfjordnes-Duesund.

EKSTRA TRAFIKK: Då ferja mellom Leirvåg og Sløvåg vart innstilt på grunn av uvêr, valde mange å kjøra om Masfjordnes-Duesund. Dette bilde vart tatt på Masfjordnes i formiddag. Foto: Erlend Kristiansen

Mange utan straum

I går var mange gulingar og masfjordingar utan straum i løpet av dagen, men også fredag skapar uvêret «Aina» problem.

Rundt klokka 8.30 er nærmare 171 abonnentar i Masfjorden utan straum. På BKK sitt «feilkart» er feilen markert i Stølsheimen/Stordalen, noko som kan indikera at mange av dei ramma er hyttefolk.

Feilen i Masfjorden blei registrert rundt klokka 7.30 og har forventa innkopling mellom 10.30 og 12, melder BKK. Årsaka vert sagt å vere «ukjent», men det skal ikkje mykje fantasi til korleis vind og vêr har sett stramnettet sjakk.

MØRKT: Mørkt ute og mørkt inne. Det er faktum for mange masfjordingar i morgontimane. Foto: skjermskot/BKK.no

– Lad telefonen

Elles i fylket har det vore ein rekke straumbrot slik at tusenvis av menneske har måtta finna fram i mørkret. I 8-tida er fleire sotrastrilar, samningar og bergenserar utan straum.

I går bad BKK folk bu seg på uvêret og eventuelt straumbrot med å finna fram lommelykt, stearinlys og ha ein fullada mobiltelefon.