Ein renovasjonsbil hamna utfor vegen på fylkesveg 565 i Austrheim, rett bortom Mongstad, tysdag ettermiddag.

Blålysetatane melde ikkje om ulykka, noko som tydde på at det etter forholda ikkje var så dramatisk.

Ifølge ein tipsar skal trafikken ha gått greitt forbi på staden.

Ein annan tipsar ringde også om ulykka, og fortel at det ikkje skal vera glatt i området.

– Her er det fire grader og fine kjøreforhold.

Tidlegare tysdag fekk seks vogntog problem på E39 i Gulen. Det bratte partiet frå Instefjord opp mot Kringla vart litt for krevjande for fleire sjåførar.

Det har også vore eit mindre uhell på E39 i Steinestøkrysset i Åsane tysdag ettermiddag.