Oppdatert: Traktorane er funnen og tilbake igjen hos eigar Henry Fanebust.

To traktorar blei meldt stolne frå Skauvegen ved Myking i Lindås onsdag like før klokka 16. Det opplyser politiet.

Dei har blitt fortalt at traktorane må ha blitt tekne i tidsrommet mellom klokka 08 og 13.30.

– Det er observert ein kvit trailer med hengar og svart kapell like før klokka åtte, seier Kurt Inge Hordvik ved Nordhordland lensmannskontor.

Han kunne ikkje seie noko om kva land denne traileren er frå.

Saka er meldt og traktorane er etterlyste internasjonalt, held Hordvik fram.

Politiet mistenker at traktorane er frakta vekk ved hjelp av eit tungkøyretøy.

Det var to Zetor-traktorar i tillegg til ein kompressor som forsvann frå eigedommen.