SISTE: I 18.45-tida torsdag kveld melder Haukeland at det var ein mann (53) og ei kvinne (22) som var involvert i ulykka. Dei er begge lettare skada.

Klokka 16.49 melder vegvesenet at E39 gjennom Jernfjelltunnelen er opna for trafikk igjen.

Vest politidistrikt melde klokka 14.51 om ein front mot front-ulykke i Jernfjelltunnelen. Tunnelen ligg på grensa mellom Gulen og Masfjorden kommune.

To personar

– Det er snakk om ein frontkollisjon mellom to bilar. Det var ein person i kvar bil, og begge er ute av bilane, seier Glenn Hamre ved 110 Hordaland.

Ifølge BT skal ulykka ha skjedd 150 meter frå Kringla-sida av tunnelen.

Ifølge BA er begge frakta til Haukeland sjukehus, den eine i luftambulanse, den andre med ambulanse. Tilstanden er ikkje kjent, men begge skal ha vore bevisst i etterkant av ulykka.

Dei materielle skadane vert sagt å vera omfattande.

Stopp ved Masfjordtunnelen

Det er difor ikkje kjent kor lenge tunnelen vert stengd, og det er dårleg med gode omkjøringsalternativ. Kjem det mange tunge kjøretøy på dei snirklete vegane i og rundt Gulen og Masfjorden kan det fort bli kork.

– Ein del av trafikken som skal nordover blir stoppa av dirigentar før Masfjordtunnelen. Men det er nok ein del som er mellom, som blir ståande og venta til tunnelen opnar, seier Tore Tysse i Vegtrafikksentralen til BA.

I 16-tida begynte ein ifølge avisa (via vegtrafikksentralen) å dirigera trafikken i området. Klokka 16.49 vart det meldt om fri ferdsle på E39.

Øving onsdag

Tunnelen, som går gjennom Jernfjellet, er 2391 meter lang og binder Hopsdalen i Masfjorden saman med Kringla i Gulen. Tunnelen vart opna i 1989 og er ein relativt bratt tunnel.

Seinast i går blei E39 i Masfjordtunnelen stengd då naudetatane hadde øving i tunnelen.

GULEN/MASFJORDEN: Det er i denne tunnelen ulykka har skjedd. Her er inngangen på Masfjord-sida. Foto: Google Street View/illustrasjon
KRINGLA: Ved 1655-tida torsdag ettermiddag kunne ein sjå trafikken flyta greitt igjen. Bildet er frå vegvesenets trafikkamera ved Kringla i Gulen. Foto: Statens Vegvesen