Yr har sendt ut gult farevarsel om mykje nedbør frå natt til tysdag fram til natt til onsdag på Vestlandet.

Stadene det er venta mest nedbør vil få 70-110 millimeter på 24 timar.

Det blir varsla om fare for overvatn i tettbygde område.

18 grader og sol?

Aslaug Skålevik Valved, vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt i Bergen, seier det likevel er venta mest nedbør i indre strøk av Hordaland.

Etter at det har hølja ned, skal det lysna opp og temperaturane auke.

– Allereie onsdag ettermiddag går me inn i den gode perioden. Nedbøren vil henga litt igjen tidlig på dagen, men ganske raskt vil det bli stigande temperaturar til 14–15 varmegrader og sol.

Torsdagen blir vekas finaste dag, ifølge meteorologen.

– Særleg torsdag blir veldig fin, det kan komme opp mot 18 grader og sol. Det blir ein liten rest av sommaren.

Våt helg

Dessverre vil gleden bli kortvarig.

– Det blir litt fint første del av fredag, men så vil det komma nedbør på ettermiddagen. Laurdagen ser veldig våt ut og det blir bygever på søndagen, Skålevik Valved.