TIPS? tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook

Hovudredningssentralen i Sør-Norge er i beredskap ettersom stormen herjar over Vestlandet. Fleire båtar skal ha slite seg langs kysten og det blir oppmoda om at ein sjekker fortøyingane til båten sin, ikkje berre for å sjå at den er der, men også fordi båtar i drift kan medføra unødig bruk av redningsressursar.

Yr.no har gjennom torsdagen opplyst at det vil og har vore kraftig vind frå sør, med kraftige vindkast opp mot 25–30 meter per sekund. Gjennom dagen løyar vinden litt og det verste skal vera over natt til fredag. Det blir oppmoda om å festa alle lause gjenstandar fordi ting med stort vindfang kan bli blåst over ende.

Tidlegare torsdag falt eit tre over vegen på Ådlandsvegen i Meland og fleire husstandar i Bergen har vore utan straum. BKK har sendt ut melding om at den sterke vinden kan «føre til strømbrudd i utsatte områder».

Frå fredag av og gjennom helga er det meldt mykje mildare ver.

VÅTT: Mykje vind og ver har prega Nordhordland dei siste par dagane. Foto: Yr/skjermskot