– Dette er rett og slett ein fantastisk opplagsvekst for Strilen. I ei tid når folk snakkar om at avisnedgang over heile linja, har me altså ein framgang på drygt 8,5 prosent. At me no er desidert største lokalavisa i Nordhordland, betyr sjølvsagt ein del. Viktigast er det likevel at lesarane har gitt oss ei tilbakemelding på at me er på rett spor, seier Elliott.

Strilen sitt godkjente opplag for 2017 er no på 5273 eksemplar.

Auke både på nett og papir

Strilen har i løpet av 2017, som dei fleste andre med opplagsframgang, styrka seg på nett. Papiropplaget går litt tilbake, medan nett-opplaget er kraftig opp.

Avisa Nordhordland har no eit godkjent opplag på 4.457, etter ein tilbakegang på 215 eksemplar. Strilen har eit papiropplag som er nær 1.000 eksemplar høgare enn konkurrenten, og eit nett-opplag på drygt 600 meir.

– I opplagssamanheng får ein ikkje utteljing på kvar avislesar og kvar nettlesar, ettersom ein del abonnentar les både nett og papir. I tillegg er det inntektsberekingar som ligg bak. Difor er ikkje skilnaden oss imellom like stor på godkjent opplagstal som på talet ein får om ein slår saman nett- og papiropplag, seier Elliott.

Knallhard jobb

Den viktigaste målestokken er slik Elliott ser det uansett ikkje konkurrenten. Han meiner målet må vera å halda oppe koken i det utrettelege arbeidet for dei alle aviser og nettstader lever av: Abonnentar og annonsørar.

– Det er slett ikkje slik at me no kan kvila på lauvbæra og tru at me er suverene. Me blir målte dagleg, og ny vekst er avhengig av at lesarane trur på oss og finn oss relevante for eigen kvardag, seier Elliott.

Stolt av medarbeidarane

Strilen-redaktøren legg ikkje skjul på at han er mektig stolt av kollegaene sine.

– Eg ser kor hardt dei jobbar, og korleis dei strekkjer seg for lesarane. Avisbransjen er tøff, og me får ingenting gratis, seier Elliott.

Terje Olsen er dagleg leiar og ansvarleg redaktør i dei fire Schibsted-lokalavisene Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen og Vestnytt. Til liks med Elliott er han strålande nøgd med utviklinga i Strilen - og dei tre andre lokalavisene rundt Bergen.

– Samla sett går desse fire avisene fram meir enn ni prosent i opplag. Det er fantastisk, seier Olsen.