– Siste nytt er at mannen er komen tilrette. Han kom gåande tilbake til staden der han var sakna frå. Det viser seg at han har overnatta i ei ubebudd hytte i nærleiken. Han er i fin form, og har ikkje behov for legehjelp, opplyser innsatsleier Tom Johannessen i Politiet til Strilen sin journalist litt over klokka 10 i dag.

Redningsmannskapa hadde då etablert ein base ved ungdomshuset på Tveit og leita etter mannen sidan klokka 02 på natta.

Sjølv om det viser seg at mannen aldri har vore i fare, meiner Johannessen at familien gjorde rett i å melda han sakna sidan dei mistenkte at han gjekk rundt berusa og tynnkledd midt på natta.

INNSATSLEIAR: Tom Johannessen. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Innsatsleiaren i Politiet fortel at både mannskap frå politiet, 20 personar frå Røde Kors i Nordhordland og Bergensområdet, ekvipasjer frå Norske redningshundar og eit redningshelikopter deltok i leiteaksjonen.

– Me har leita både langs vegane og i terrenget og i hus i tunet på staden der han var sakna frå. Grunnen til at me ikkje har funne han før er at han har sove innandørs ein annan stad i nærleiken. Sjølv om me har gått ut i media med informasjon, så har ikkje han vore klar over at han var sakna, seier Johannessen.

Det var familie og venner av mannen som kontakta politiet, då dei mistenkte at han gjekk rundt eller kunne ha sovna ute kun iført ein badeshorts.

Mannen vart sist sett klokka 00.30 natt til laurdag.

Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt opplyste til BT.no i morgontimane i dag at mannen hadde site i ein badestamp med familie og venner då han gjekk inn i huset.

- Da han ble borte så lenge, ble familien bekymret. De lette først selv før de kontaktet politiet. Det er ikke mistanke om at forsvinningen skyldes noe kriminelt eller psykiatri, sier operasjonsleiaren.

Leiteaksjonen vart sett i gang fort fordi mannen har lite klede på seg i forhold til den temperaturen som var ute i natt.

Politiet oppfordra personar som hadde kjørt langs Melandsvegen på Frekhaug i tidsrommet midnatt og 03.00, og som kunne ha observert den sakna om å ta kontakt på tlf. 02800.

Dei bad også folk i området om å sjekka hagar, uthus og liknande i tilfelle mannen skulle vera der.