At kommunen fekk namnet Alver, blei klart etter ein lang namneprosess der Strilen sine lesarar spelte inn mange gode forslag - meir enn 130 i talet.

Fleire politikarar uttrykte at dette var eit godt grunnlag før dei starta arbeidet med namneval.

Etter kvart skal Alver kommune og få nytt kommunevåpen. Ein designar har allereie kontakta Lindås/Meland/Radøy med sitt forslag (krev innlogging).

Kanskje kan lesarane våre gjera ein like god innsats med forslag til kommunevåpen som dei gjorde med namn? Det er lenge til politikarane skal bestemma seg for våpen, og det er heller ikkje avgjort korleis prosessen skal vera med omsyn til innspel og forslag. I tillegg er det ein del retningslinjer for kommunevåpen som må følgjast.

Men: Det skadar vel aldri å hjelpa til litt i god tid på førehand?

INSPIRASJON: Lindås kommune sitt kommunevåpen.
INSPIRASJON: Meland kommune sitt kommunevåpen.
INSPIRASJON: Radøy kommune sitt kommunevåpen.

Lengst nede i denne saka ser du eit bilde av eit «tomt kommunevåpen». Me utfordrar deg til å lasta ned bildet, teikna på det og senda det til Strilen. Hald musepeikaren over bildet, då får du nedlastingsmulegheit.

Du kan opna bildet i ulike redigeringsprogram på data, til dømes Paint, laga våpen og senda det til stig@strilen.no

Du kan og lasta ned bildet, skriva det ut heime og teikna for hand - for så å senda det i posten til Strilen.

Postadressen er: Strilen, Kvasnessvegen 23, 5914 Alversund.

Held du muspeikarane over bildet og trykkjer på bindersen, kan du dela lenka til bildet og senda det vidare til andre - slik at dei får sjansen til å vera med.

Me vil presentera lesarutkast til nytt kommunevåpen litt etterkvart som dei kjem inn.

Utpå hausten vil me kåra ein vinnar som får eit gåvekort på 500 kroner.