Foto: Alle foto: Erlend Nordland Kristiansen
SAUEHENGAR: Den eine bilen hadde ein tilhengar med sauer som sprang omkring etter ulukka. Sauene vart tekne hand om av veterinær og Fatland.

SISTE: Vegen skal no vera opna for trafikk melder Vegtrafikksentralen.

I 12.15-tida måndag fekk politiet melding om at ein buss hadde kjørt i ein bil bakifrå ved ved Åse-krysset, like etter Isdalsgardane. Alle naudetatar rykka ut til staden inkludert luftambulanse.

Tre skadde

Klokka 12.33 fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen at det var to personbilar og ein buss involvert, og at fire personar var skadde. Det var då snakk om at eitt barn var involvert i ulukka, og at ein av dei skadde var delvis medvitlaus. Det har seinare blitt korrigert at det var tre - og ikkje fire - som var skadde etter ulykka.

– Det med barnet kan eg ikkje stadfesta, men den delvis medvitlause personen er kjørt til Haukeland i ambulanse medan dei andre skadde er frakta til Nordhordland legevakt. Tilstanden til dei skadde er så langt ikkje kjent.

Den eine bilen hadde ein hengar med sauer som sprang i alle retningar etter ulukka. Den eine måtte slaktast på staden, fortel Magnussen. Veterinær blei tilkalla og kom relativt kjapt til staden.

KØ, KØ: Det oppstod lange køar etter ulykka. Mange valte å snu i køen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Ukjent årsak

Vegen var stengt i over éin time før ein opna for trafikk igjen. Fleire av det som skal ha vore busspassasjerar blei frakta vekk i ein minibuss.

Det vart store materielle skadar på bilane. Sauehengaren skal ha blitt trykt opp i «bakenden» på bilen den høyrde til.

Korleis ulukka har skjedd, kan Magnussen ikkje svara på.

– Alt eg veit er at det skjedde i krysset til Åse. Korleis to bilar vart involverte i ulukka i tillegg til bussen, veit eg ikkje enno, seier han.

Veterinær ser til sauar som vart involvert i ulykka. Foto: Erlend Nordland Kristiansen