SISTE: Føraren av bilen skal ha blitt frakta til Haukeland sjukehus, melder politiet.

Det var rett før klokka 16 at eit kjøretøy skal ha komme ut for eit trafikkuhell rett ved krysset ned mot Frekhaug senter (Havnevegen/Rosslandsvegen).

Naudetatane var kjapt på plass. Det var oljesøl på staden, men det er ikkje kjent om det kom før eller etter ulykka. Som ein kan sjå av bildet, sette mannskapar i gang med å tørka opp oljesølet.

Eitt kjøretøy var involvert i uhellet. Kva som har skjedd eller kor mange som var i bilen, er ikkje kjent. Politiet fortel at dei opprettar sak etter hendinga.