Måndag kveld meldte politiet at ein utanlandsk arbeidar ramla ned frå stillas under arbeid på Nordhordlandsbrua.

Vedkommande skal ha falle mellom tre og fem meter ned. Hendinga skjedde like etter klokka 17.

Arbeidaren skal ha vore bevisst etter uhellet, og vorte frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er ukjent.

Politiet er på staden tysdag for å foreta åstedsundersøking.

– Arbeidstilsynet blir tilkalt, men det er for tidleg å seie noko om årsak, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt til Strilen måndag morgon.