Søndag ettermiddag vart det sett i gang ein større redningsaksjon i Haukåsvika i Lindås etter at hadde blitt høyrt rop om hjelp i området. Politiet sende ut melding om aksjonen like etter klokka 14.

Haukåsvika ligg eit par kilometer sørom Feste.

Klokka 14.25 fekk Strilen opplyst frå nokon i området at aksjonen er avslutta og at det heile dreia seg om rop frå nokon som dreiv hjortejakt.

– Mest sannsynleg har det vore lydar frå land knytt til eit jaktlag, bekreftar brannvesenet.

Politiet melde dette:

– Vi har vore i kontakt med eit jaktlag i området, dei bekreftar å ha ropt, og dette er truleg årsaka til nødmeldinga.

Store ressursar vart sett i sving både til lands og til vanns: Både redningsskøyte, luftambulanse og mannskapar frå brann og politi var med.

Luftambulanse låg tett over området ein søkte i. Foto: FlightRadar24