Knarvik idrettslag har ein konkurranse der barn mellom 0 og 16 år kan delta ved å gå på tur til Gamleskulen og Indregardsfjellet. Kvar deltakar får eitt poeng for å gå til Gamleskulen og to poeng for å gå til Indregardsfjellet. Dei som har fått over 30 poeng når konkurransen er slutt, blir med i trekning av ein sykkel.

Likar å trena

Vi har intervjua vinnaren av årets konkurranse, Simen Leander Fanebust Kittang (12).

– Gjekk du på tur for moro skuld eller for å vinne sykkelen?

– Eg går på tur fordi eg likar å trene. Eg går på tur om lag seks gonger i veka. Eg blei veldig glad då eg fekk vite at eg hadde vunne ein sykkel. Det var ein blå og svart DBS-sykkel. Tidlegare har eg vunne to gåvekort, men aldri ein sykkel, seier Simen.

Han har lyst til å bruke sykkelen til å sykle til skulen og til venner, og kanskje bruke den til meir trening, som for eksempel i skogen.

Ut på tur

Vi har også spurt Grethe Midtgård Haaland, frå Knarvik idrettslag, om turbok-konkurransen.

– Kvifor starta de denne konkurransen?

– Vi starta denne konkurransen fordi vi vil at barn og unge skal bli motiverte til å gå på tur. Det var i 2016 rundt 500 som var med i trekninga av ulike premiar, men det var berre fem som hadde over 30 poeng og var med i trekninga av ein sykkel, seier Grethe Midtgård Haaland.

– Vi synest det var veldig kjekt at Simen vann. Han har hatt flest poeng to år på rad, og i år hadde han heile 118 poeng, som er ny rekord.