Følg trafikken direkte i kartet øvst i saka. Der kan du sjå trafikkbildet for Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

I 12-tida torsdag oppstod det køar ved Lyngfjelltunnelen i Lindås.

Strilen har tidlegare omtalt at Lyngfjelltunnelen skal oppgraderast for dryge 50 millionar kroner, og det vil få store konsekvensar for trafikken.

Mellom klokka 06.00 og 20.00, utanfor arbeidstid i tunnelen, er fylkesveg 57 og Lyngfjelltunnelen open for einvegs kolonne frå Vågseidet mot Lindås med leiebil. Om du kjem frå Lindås, må du nytta omkjøring via fylkesveg 398 om Haukås og Fjellanger. Denne vegen blir einvegskjørt frå Lindås mot Vågseidet.

Trafikken stod ein periode stille då dette bildet vart tatt kring klokka 12 torsdag formiddag. Foto: Privat
Via Haukås og Fjellanger vil det gå ekstra mykje trafikk dei neste månadane. Foto: Erik Støverud