Har du tips frå trafikken? tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook

Vest politidistrikt melde i 12-tida tysdag om seks vogntog som sleit på vinterføre på E39 i Gulen mellom Instefjord og Jernfjelltunnelen.

Politiet kom til staden og etterlyste brøyting.

– Men brøytebilen var allereie på veg til staden då politiet kom, opplyser Marianne Hove i Vegtrafikksentralen Vest.

På det vel åtte kilometer lange, og til dels bratte, strekket frå Instefjord og opp til Masfjord-grensa har det vore vanskelege kjøreforhold. Dermed har fleire vogntog ikkje komme seg særleg av garde.

– Det var ein del slaps, og dei heldt på å ta på kjetting då politiet kom. Vi har ikkje høyrt om ulykker, seier Hove.

Politiet melde at trafikken gjekk fint i området klokka 12.30.

– Det er rekvirert berging til fleire av vogntoga, det var ikkje alle som var godt nok skodd, seier Hove.

SLEIPT: Slik såg det ut på E39 ved Kringla, på grensa mellom Masfjorden og Gulen, klokka 13.15 tysdag. Foto: Statens Vegvesen