For fjerde dag på rad melder naudetatane om ei trafikkulykke på den grøne øya.

Singelulykke

Naudetatane rykte i 17.50-tida torsdag ut til Vågenes på Radøy, kor det var meldt om ei trafikkulykke.

– Redusert framkomme på grunn av trafikkuhell. Bil med hengar har kjørt av vegen. Hengaren står delvis i vegen, opplyser vegtrafikksentralen.

Ein tipsar melde inn til Strilen om at bilen ikkje hadde hengar med seg, men at bilen kan ha kjørt i ein hengar som stod langs vegen.

Ein lege kom etter kvart til på ulykkesstaden.

– Førar er ute av bilen, verkar oppegåande, opplyste politiet.

Ei stund etterpå melder politiet at føraren er kjørt til traumemottaket på Haukeland sjukehus.

Mange ulykker

Det har vore mange trafikkuhell i regionen vår dei siste dagane, spesielt på Radøy og i Gulen.

Både tysdag og onsdag var det trafikkuhell på fylkesveg 565 i nærleiken av Olsvollstranda.

Før det igjen, måndag og natt til tysdag, var det ulykker på Vetås- og Radøyvegen.

Det har også vore alvorlege ulykker i Gulen, blant anna med ein minibuss som frontkolliderte med ein personbil. Torsdag morgon hamna ein bil på taket i Leversund.

Torsdag formiddag var det ei utforkjøring på E39 i Lindås ved Mundalsbergtunnelen.