Elliott blir papirutgåvesjef i AS Lokalavisene, og skal dermed jobba både med Strilen og «søsteravisene» Bygdanytt i Indre Arna, Askøyværingen på Askøy og Vestnytt på Sotra.

Blir i kulissane

– Eg blir heldigvis verande i Strilen-kulissane, og får framleis jobba med avisproduktet som har vore både levebrødet og hobbyen min dei siste fire åra. Dette var avgjerande for avgjerda om å takka ja til den nye jobben. Likevel er det vemodig å slutta som Strilen-redaktør, seier Elliott.

Eirik Langeland Fjeld er i dag redaktør for Bygdanytt, og vil heretter ha redaktøransvaret både for Bygdanytt og Strilen.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på denne spennande oppgåva. Eg har følgd Strilen sin framgang frå sidelina dei siste åra, og eg har for lengst tatt av meg hatten for jobben Stig og resten av redaksjonen har gjort, seier den nye redaktøren.

Langeland Fjeld har tidlegare jobba mange år i BA og Amedia, og er frå Bergen. Elliott seier spøkefullt at folk i Nordhordland ikkje må bruka det mot han.

– Eg veit at Strilen får ein kjempedyktig redaktør i Eirik. Han har lang fartstid frå avisbransjen, er ein framifrå leiar og har eigenskapane som skal til for å ta Strilen vidare. Den digitale kompetansen hans blir spesielt viktig for å styrka Strilen sin posisjon som nummer 1 i Nordhordland, meiner Elliott.

Godt tidspunkt

Det å ha vore med på å gjenerobra plassen som den største lokalavisa i Nordhordland er noko av det Elliott ser tilbake på med størst glede frå tida som redaktør. Det gjer det òg lettare å overlata stafettpinnen til Langeland Fjeld.

I 2015 gjekk Strilen forbi Nordhordland i opplag for første gong på 12 år. Både i 2016 og 2017 auka Strilen opplaget sitt. Med 5273 i godkjent opplag ligg Strilen no 816 eksemplar framfor konkurrenten.

– Det er ikkje mange år sidan Nordhordland sitt opplag var meir enn 1.000 eksemplar større enn vårt. Strilen har vore gjennom ei fantastisk reise, men eg trur at avisa kjem til å ta endå sterkare grep om regionen, seier Elliott.

Den nye redaktøren vil naturleg nok ikkje komma med noko bombastisk programerklæring før han har begynt i den nye jobben.

– Mi oppgåve blir å føra vidare den gode utviklinga i Strilen. Nøkkelen er å laga ei avis som er relevant for innbyggjarar, verksemder og annonsørar i regionen. Framover blir det spesielt viktig å vera gode i dei digitale kanalane våre, seier han.

Mykje å sakna

På spørsmål om kva han kjem til å sakna når han no forlèt Strilen, svarer Elliott slik:

– Skal me gje ut bok?

Gode kollegaer, spennande menneske, vakker natur, eit fantastisk folkelynne, blomstrande kulturliv og ditto næringsliv - dette er nokre av stikkorda han grev fram på sparket.

– Mest av alt kjem eg til å sakna å vera i Nordhordland dagleg. Heldigvis har me framleis hytte på Kalneset. Abstinensane skal få utløp der, smiler Elliott.

Strategisk skifte

Terje Olsen er dagleg leiar og ansvarleg redaktør i dei fire Schibsted-lokalavisene rundt Bergen. Han fortel at endringa blir gjort for å styrka det journalistiske arbeidet ute i avisene.

Terje Olsen, dagleg leiar i AS Lokalavisene. Foto: Arkiv

– Rolla som papirsjef for Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen og Vestnytt er perfekt for Stig. Han har gjort ein kjempejobb med Strilen, og overlèt eit produkt til Eirik Langeland Fjeld som har særs positiv utvikling både på opplags- og økonomisida, seier Olsen.

– Eirik har gode resultat å vise til frå Bydanytt, og eg er sikker på at han kjem til å føre vidare den positive utviklinga som Strilen har hatt dei siste åra.