ARBEIDSROM: Silja Jakobsen og Pia Grøneng på arbeidsrommet til lærarane på mellomtrinnet. Foto: Anne-Lise Nordpoll
MØTEROM: Lærarane har fått eit eige rom der dei kan halda møte. Foto: Anne-Lise Nordpoll

– Du skal få akkurat den same omvisinga som me skal gi folk på den offisielle opninga i morgon (opningsfesten var torsdag kveld), seier Ruand Kashtanjeva og Oliver Sandvik Sudmann.

Dei går begge på 6. trinn på Sagstad skule, og er med i elevrådet. Karane var meir enn klare for å gje journalisten frå Strilen ei omvisning då avisa dukka opp på skulen for å få ein snikktitt dagen før dagen.

Ny samlingsplass

Elevrådet har snakka mykje om nybygget og skuleplassen som skal utvidast i løpet av sommarferien.

– Det blir kjempebra, seier Oliver.

Han viser veg inn i den delen av skulen som han likar aller best. Det er eit stort ope rom i 1. etasje som kan brukast til å samla alle elevane når dei til dømes skal ha førestillingar for kvarandre.

Det hadde dei ikkje store nok rom til før utvidinga.

– Då måtte me leiga kultursalen i Meland aktiv og ta alle elevane med ned dit, fortel lærar Elisabeth Eikrem Åmdal, som har hatt ansvaret for elevrådstimane dette skuleåret.

Ho er einig med Oliver i at det er veldig kjekt å få eit slikt rom.

Det fungerer også som ein stor gang for elevar i småskulen, og etter skuletid kan det til dømes brukast til foreldremøte.

PLASS TIL ALLE: Dette er ein gang, men også eit stort rom som kan brukast når alle elevane på skulen skal samlast eller til foreldremøte. Foto: Anne-Lise Nordpoll
SMART LAGER: Her er det plass til leikar og anna som er trivselsleiarane blant elevane brukar. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Likar naturfagssalen

Oliver og Ruand kan visa fram fleire nye klasserom, og nokre gamle klasserom som har fått eit ansiktsløft.

Dei viser rundt med god hjelp av Julie Nilsen, Endre Fitje Tingvold, Håvard Nordnes, Noah Gabrielsen, Mia Sævareid Nordtveit og Olivia Bjelke Bernsen, som også er med i elevrådet.

Julie synest det nye naturfagsrommet er supert. Her er det vask, godt avtrekk og pultar med straumkabel. Dette gjer at dei kan ha meir spennande naturfagseksperiment.

– Før hadde me berre eit naturfagskap med forskjellige dyr i som læraren kunne ta med inn i klassen. Det er mykje betre med eit eige rom, fortel Julie.

Ho har alt har hatt nokre timar i det nye rommet.

NATURFAGSROMMET: Er ein av nyheitene på skulen. Her er det mykje spennande å sjå på. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Lydtett musikkrom

Musikkrommet er også nytt og fint. Når me stikk hovudet inn, sit det ei gruppe med sjetteklassingar der.

– Det er lydtett og har eit eige øvingsrom, fortel Oliver.

I musikkrommet er det kome på plass eit piano, eit skap med små trommer og rytmeinstrument. Gitarane har fått plass på veggen. Alt saman klart til bruk.

– Me har hatt musikkrom på skulen før, men det er lenge sidan. Musikkrommet måtte etter kvart brukast til vanleg undervinsing. Det betyr veldig mykje for oss at me har fått dette og andre spesialrom tilbake, supplerer Elisabeth, som blant anna underviser i musikk.

MUSIKKROM: Musikkrommet er ein luksus det er lenge sidan Sagstad skule hadde. Her er ei gruppe med elevar på 6. trinn samla. Foto: Anne-Lise Nordpoll
STILLE STOL: Olivia Bjelke Bernsen i 5c trur denne stolen på biblioteket vert ein fin leseplass. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Lager for leikane

Noah, som går i klasse 5B, er Trivselsleiar i friminutta no i vår. Han synest det er veldig bra at dei har fått eit eige lagerrom der dei kan henta utstyr til aktivitetane sine.

– Me har mange Trivselsleiarar. Trivselsleiarane har ansvaret for å arrangera forskjellige leikar i matfriminuttet, fortel han.

På ei tavle i gangen heng ein plan som viser kva for leikar dei skal ha framover, og bilde av ting dei har gjort.

– Det som er veldig gøy, er at me no også har fått ein høgtalar slik at me kan spela musikk som me kan dansa til, fortel Noah.

Arkitekten som har teikna nybygget på Sagstad, er den same som har teikna nybygget som vart opna på Grasdal i fjor. Det kan ein sjå. Stilen er mykje den same, og elevane synest han er stilig.

SMART LAGER: Her er det leikar og anna som elevane som er Trivselsleiar brukar. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Stilig

Dei likar både fargane og interiøret.

– Det er mykje gøyare å gå på ein fin skule enn på ein gammal og slitt ein, seier dei.

Biblioteket er ikkje ferdig, men der er det kome på plass nokre tøffe stolar som Olivia i klasse 5C trur det blir gøy sitja og lesa bøker i.

Elevrådet har også fått sett det nye fine møterommet, spiserommet og arbeidsromma til lærarane. Spiserommet og møterommet ser så bra ut at dei er litt misunnelege på lærararane.

HELSESØSTER: Susanne Kroken har fått nytt kontor. Foto: Anne-Lise Nordpoll
REKTOR: Magne Lædre har også fått nytt kontor. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Helsesøster med nytt kontor

Me kikkar også inn på det nye kontoret til helsesøster. Der sit Susanne Kroken og smiler breitt.

– I byggeperioden har me hatt kontor i brakkene nede ved Meland aktiv. Då var det ikkje like lett for elevane å berre stikka innom. Det er mykje lettare på dette kontoret, seier ho.

Susanne har kontordag på skulen to dagar i veka og deler det nye kontoret med ei anna helsersøster.

– Me har helsesøster på skulen fire dagar i veka. Frå neste år vert det kanskje helsesøster her fem dagar i veka. Sagstad skule er jo ein skule med mange elevar, sier ho.

Veks fort

Dette skuleåret har Sagstad skule 417 elevar og 70 tilsette. Frå neste år vil rektor Magne Lædre ha leiaransvaret for endå fleire.

– I år går det ut to klassar på sjuande trinn. Det er siste året det skjer. Frå neste år vil me ha tre- til fire klassar på alle trinn, seier han.

Då kjem det godt med at skulen har 24 klasserom til disposisjon. Så stor som elevveksten har vore dei siste åra, får dei snart fylt opp alle.

Med denne utbygginga er Sagstad skule heilt utbygd. Skal det byggast ut meir, må det byggast ny skule ein annan stad.

SPISEROM: Det nye spiserommet til lærarane er så fint at elevane er litt misunnelege. Foto: Anne-Lise Nordpoll

1800 m2 nybygg

Prosjektleiar i Meland kommune, Ronny Landås, er godt fornøgd med det dei har fått til.

– Det er krevjande å bygga ut ein skule som er i full drift. I byggeperioden har me leigd inn brakker som er sette opp som midlertidige lokale nede ved Meland aktiv. No er desse rivne igjen, og alle elevane og lærarane er på plass i skulebygget, seier han.

– Det nye tilbygget på Sagstad skule er på 1800 kvadratmeter. I tillegg er ein stad mellom 500 og 700 kvadratmeter av det gamle bygget oppgradert. Dermed har elevar og lærarar fått ein heilt ny kvardag.

Totalt hadde byggeprosjektet på Sagstad skule og innleige av midlertidige lokale ei ramme på 58 millioner kroner.

– Me har folk som reknar på det siste. Akkurat no kan eg ikkje seia korleis me kjem ut i forhold til budsjettet, men det kan me koma tilbake til seinare, seier han.

Og lurer du på kva firma som har hatt totalentreprisen på bygget, så er svaret Langenes bygg.

Skulen vart feira med fest for barn og foreldre torsdag kveld. Då kunne alle som ville sjå seg om.

AVGANGSELEVAR: Då Strilen var på besøk, jobba elevane på 7. trinn med å førebu ei førestilling dei skal visa på avsluttningsfesten sin. Foto: Anne-Lise Nordpoll
SKULEN: Slik ser Sagstad skule ut no. Nybygget er det raude til venstre på bildet. Skuleplassen skal også snart utvidast. Foto: Anne-Lise Nordpoll