Dei blå vann med 98 stemmer over 90 stemmer for raudt alternativ. To stemte blankt. Det betyr at partileiar Knut Arild Hareide går av.

Ein rørt Knut Arild Hareide seier han er skuffa.

– Men KrFs sjel avheng ikkje av kven partiet samarbeider med, uttalte han etter at nederlaget var klart.

– Vi har vist for heile Noreg at vanlege borgarar har brukt moglegheita til å påverke retninga for landet. Eg er rørt. Dei som seier at politikk berre er for dei i Oslo, har fått noko å tenkje på, sa Hareide.

Resultatet blei tatt imot utan applaus. Berre eit einsleg jubelrop, som raskt blei slått ned på frå dirigentbordet.