Kring klokka 11.00 måndag skjedde det ei trafikkulukke på fylkesveg 57 Furubergtunnelen i Lindås, og naudetatane rykka ut til staden.

110-sentralen i Hordaland melde klokka 11.02 måndag at det var tale om ein frontkollisjon mellom ein personbil og eit vogntog, og at ein person var fastklemt.

Vest Politidistrikt melde så klokka 11.20 at ein person var erklært død på staden. Den omkomne er ei kvinne i 50-åra frå Lindås. Politiet opplyser klokka 12.45 at dei pårørande er varsla, og vidare at namnet ikkje vert frigjort måndag.

Kvinna var medvitslaus og fastklemt etter kollisjonen, og brannvernet starta hurtigfrigjering. Men det vart etter kvart klart at livet ikkje stod til å redda.

Lensmann i Nordhordland Kjell-Idar Vangberg seier like før klokka 15.00 at vegen snart vert opna igjen, etter at det er gjort undersøkingar på staden, og kjøretøya er fjerna.

– Statens vegvesen si ulukkesgruppe har saman med kriminalteknisk vore på staden og gjort eit stykke arbeid, og så vil ulukka verta etterforska vidare, seier Vangberg.

Det var ein person i kvart kjøretøy. Den omkomne kjørte personbilen, som kom nordfrå på fylkesveg 57.

Politiet går ikkje ut med namnet på den omkomne eller andre opplysningar kring ulukka måndag.

Det er ikkje gode omkjøringsmoglegheiter på staden. Større bilar kan ta vegen over Kleivdalen, såframt dei er innanfor lengde- og vektavgrensinga. Personbilar kan nytta gamle Furubergtunnelen, men denne er smal og utan lys.