Ein buss hamna utfor vegen på fylkesveg på fylkesveg 404 Skarsvegen i Lindås. Det melde Vegtrafikksentralen klokka 8.10.

Det vart ikkje meldt om personskade, men det var redusert framkomme på staden i etterkant.

– Me veit ikkje så mykje så langt, men det skal vere relativt udramatisk. Me er på veg til bussen. Det var ikkje passasjerar om bord, sa Peter Nordgren ved 110-sentralen klokka 08.42.

Retting: I ein tidlegare versjon stod det at bussen sklei utfor på Radøy. Det er feil og baserte seg på opplysningar frå Vegtrafikksentralen og 110 Hordaland.