Det var politiet som melde om ulukka på Seimstrand ved 11.50-tida.

– Bilen begynte å trilla utan at det var ein vaksen i bilen, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politdistrikt.

Barnet blei relativt kjapt henta ut av bilen, og har ikkje komme til skade. Ved 12.10-tida var bilen framleis i elva, men det skal ikkje vera snakk om noko oljesøl på staden