– Me har ikkje fått melding om at nokon er alvorleg skadde, men eit barn i ein av bilane har klaga på smerter og blir sett til av ambulansepersonellet på staden, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Høgre felt mot Knarvik er sperra, men politiet prøver så godt dei kan å dirigera trafikken forbi på andre sida.

Ulukka vart meld klokka 18.15, og ambulanse, brannvern og politi er no på staden.