Heile 248 kommunar har i dag eit eller fleire Vinmonopol i drift. No ønskjer 93 kommunar eit nytt Vinmonopol.

Det var NRK som først omtalte saka.

Masfjorden, Austrheim, Meland og Gulen ønskjer alle Vinmonopol.

Eigar av Vinmonopolet, Helse- og omsorgsdepartementet, har eit tydeleg krav om at alle nyetableringar skal gå i pluss. Dette er fordi den norske stat ikkje skal subsidiera sal av alkohol til det norske folk.

– Så lenge me finn stader der me ikkje vil tapa pengar på å opna butikk, vil me gjera det. Vår innvending mot Samnanger er at det per i dag ikkje er nok handelsvolum. Det kjem mellom anna av eit lite bransjeutval, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet til NRK.

Dette vert lagt til grunn når Vinmonopolet vurderer alle dei 94 stadane:

  • Folketal og folketalsutvikling over tid

  • Busetnadsmønster og tilgang på arbeidsplassar

  • Avstand til næraste pol

  • Nærliggande hytteområde, turisme og forbipasserande døgntrafikk

  • Talet på butikkar/bransjar som allereie er etablerte og den totale omsetnaden på staden