Politiet stansa klokka 14:43 fredag eit køyretøy etter tips om vingla køyring på Rossland i Nordhordland. Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet har mistanke om at sjåføren har køyrt i ruspåverka tilstand.

– Det er gjort funn av mindre mengder narkotika i bilen, og sjåføren fekk utslag på alkometer, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Politiet vil ikkje utdjupa kva for ein type narkotika som var funne eller kor mykje.

Bilføraren skal ha vore ein 63 år gammal mann. Han er teken med til legevakt for blodprøve.

– Farten var relativ normal, men han køyrde fram og tilbake i køyrefelta, personar som melde han inn hadde reagert på køyringa hans, fortel Kolltveit.