Naudetatar og bilbergarar har fått nok å henga fingrane i dei siste par dagane.

Brøytebil i grøfta

Like etter kl. 17 tysdag gjekk ein brøytebil i grøfta på fylkesveg 374 i Andvik i Masfjorden.

Ifølge ein tipsar vart sjåføren ikkje skadd i uhellet.

Uhell i Lindås

Lindås kommune melde i 15-tida at ein lastebil hamna utfor vegen i krysset ned til Hundvinsfeltet. Vegen vart stengt til bergingsmannskap fekk lastebilen på rett kjøl att.

I 22-tida køyrde ein bil av vegen på fylkesveg 57 i Lindås.

Ifølgje politiet er det ikkje meldt om personskade, og årsaka til ulukka skal vere glatt veg.

– Bil berga av lokal kar med traktor, skriv politiet på Twitter.

Tre uhell i Meland

Tysdag morgon, i 0630-tida, sklei ein bil utfor vegen på Ådlandsvegen i Meland.

Og natt til i tysdag, rundt midnatt, gjekk ein bil utfor kanten i nærleiken av Ådlandsvågen. Bilisten skal ha møtt ein annan bilist då uhellet fann stad.

Det skal berre ha vore snakk om materielle skadar ved begge hendingane, og politiet rykte ikkje ut på uhella.

– Det har snødde litt måndag kveld og det har blitt litt glatt på sidevegne. Folk må kjøra etter forholda, sa Glenn Ulrik Våge ved lensmannskontoret.

Lastebil med sand har kvelva. Det er glatt føre fleire stader i dag. Foto: Bjørn Kåre Thorvaldsen

Ein lastebil med sand velta like ved kyrkja på Meland i 14-tida.

Verken politi og brannvern kjente til hendinga då Strilen tok kontakt. Men det betyr forhåpentlegvis at føraren kom frå hendinga utan skader. Bilen var ikkje til hinder for trafikken og kom seg på vegen igjen etter nokre timar.

To ulykker måndag

Måndag var det eit vogntog som kvelva over i Gulen og ei utforkjøring på Radøy. Ingen av desse ulykkene førte til alvorleg skade, men sjåføren etter ulykka på Eivindvikvegen skal ha vore sjokkprega og fått nokre smerter i hovudet.

– Det er stort sett fint på morgonen. Me har ikkje mottatt nokon spesielle meldingar, fortel Vegtrafikksentralen til Strilen tysdag morgon.

Det har heller ikkje komme så mykje nedbør, men personell er i beredskap viss det skulle auka på og gjera kjøreforholda meir krevjande.

Har du sett noko i og langs vegen som andre bør vita om? Tips oss gjerne på tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook.