Når det regnar her hjå oss, så regnar det skikkeleg. Det austlendingane kallar syndeflod, heiter «ei god byge» i bergensområdet.

Ved Knarvik vidaregåande skule avdeling Juvikstølen har ein lenge hatt problem med dreneringa. Regnet dei siste dagane har difor skapt ein skikkeleg dam som kan vera utfordrande for fotgjengarar.

Dammar er likevel ikkje eit problem for alle. Ender, til dømes, kan fort skapa sin eigen andedam midt i oversvømminga.

Ronja Merete Hauge har knipsa bildet av dei to endene som torsdag slo seg ned og koste seg midt i feildreneringa...

PS: Fredag føremiddag melder meteorologane om litt betre vêr, som du ser under.