Ja, du har sikkert høyrt om det allereie. Den komande helga er sommaren tilbake. Om enn berre på ein to dagar lang visitt før han igjen trekk seg tilbake, så er me no uansett godt nøgde – i alle fall her i vest.

Solrik helg

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Per Egil Haga, stadfestar at sommarryktene som har svirra rundt omkring denne veka er sanne.

– Det ser ut til at me får temperaturar på over 20 grader. Det blir heller ikkje noko særleg med vind, seier Haga.

Sjølv om dei aller fleste vêrvarslingstenestene melder klink og klår sol gjennom heile helga, understrekar Haga at me kanskje må smøra oss med tolmod nokre timar før sola kjem fram – både på laurdag og søndag.

– Høgtrykket som kjem frå sør kan ta med seg ein del fuktig luft på vegen, og såleis er det ikkje utenkjeleg at me kan få litt tåke og skodde dei første timane av dagane, seier Haga, og held fram:

– Det kan jo legga ein liten dempar på sommarvêropplevinga til folk, men trøysta får vera at det mest truleg vil klårna opp utover dagen.

Middelhavsvarme

Haga fortel vidare at varmen som no er på veg oppover Europa stammar frå Middelhavslanda, og då særleg Spania og Italia.

– Det hender me får slike innslag av sommar også på hausten. I oktober i fjor var faktisk den høgaste temperaturen som blei målt ved vêrstasjonen på Florida i Bergen heile 23, 8 grader, sluttar Haga.