– Dette var eit sjokk, det har ikkje heilt gått opp for meg enno, seier Astrid Sofie Kålås til Strilen tysdag kveld.

Like før fekk ho ein annan telefon, med beskjeden om at ho blei trekt ut som Extra-millionær.

– Eg har litt hjartebank men elles er det bra. Eg blei heilt sett ut, og eg hadde aldri trudd eg skulle oppleva noko slik, eller komma på TV, sa Kålås til Norsk Tipping.

– Eg har tippa og levert spel hos Norsk Tipping heile det vaksne livet mitt og no var det turen min, og det var veldig gøy, sa den ferske millionæren frå Fammestad i Lindås.

Kålås hadde levert fem-ukers Extra-spill på Rema 1000 i Knarvik. Ho fortel at det blir feiring med ferietur.

– No blir det feiring og påsketur. Bobilen er klar og vi køyrer etter vêret, og til vinteren er det Gran Canaria.