Trafikkulykka vart meldt like før klokka 16. Det viste seg å vera ein smell mellom ein lastebil og ein personbil, der lastebilen skal ha kjørt inn i bilen bakfrå.

Ein person skal ha blitt kjørt til legevakt, melder BT.

Det oppstod lange køar etter hendinga, og politiet starta fort manuell dirigering.

Rundt klokka 16.20 vart bilen fjerna frå vegbana, slik at normal trafikk så smått kunne begynna å ta seg opp igjen. Lastebilen stod utanfor vegbana og ikkje til direkte hinder for trafikken. Den var ikkje frakta/kjørt bort då Strilen var på staden i 16.30-tida.

Det tok ei god stund før trafikken normaliserte seg igjen. Særleg frå Åsane mot Nordhordland var det mykje kø utover ettermiddagen.

KØ: Politiet dirigerte trafikken på brua etter ulykka. Bilen som var involvert i ulykka til venstre.