Før ferien blei det kjend at den internasjonale «skandaleserien» «Ex On The Beach» skulle få sin norske versjon.

Kjærleiksdrama

Serien, som er kjent for å spela oppunder drama og sex, har frå før av eigne versjonar i land som Storbritannia, Sverige og Australia, og kan minna mykje om Paradise Hotel-konseptet.

Blant dei som er med i den norske versjonen er 20 år gamle Adrian Sellevoll frå Hillesvåg, som omtaler seg sjølv som artist og modell.

– Sjåarane kan forvente eit fyrverkeri av eit show og masse drama, spenning, følelsar, samhald og gode vennskap som blir bygd. Det blir mykje nakenheit, røper Sellevoll.

Totalt er det åtte single personar, fire gutar og fire jenter, som er samla på ei paradisøy for å festa og herja på. Som ein tvist på det heile kjem det etter kvart eks-kjærastar inn i tv-ruta.

Då ligg det i korta at det blir endå meir drama og hysteri i leiren.

Men at Sellevoll kom med er ingen tilfeldig påmelding ein sein kveld.

– Eg melde meg ikkje på, eg blei headhunta.

Dagbladet har trilla terningkast fem til serien og fortel blant anna at «Tretti minutter inn i første episode har vi allerede sett nakenbading, klining, høylytte krangler, grining, folk som slår i veggen og kaster drinker på hverandre (...)»

HIV OG HOI: Det blir nok garantert fest, drama og god stemning når åtte single menneske, og etter kvart ekskjærastar, kjem til paradiset på Mauritius. Foto: Toke Mathias Riskjær/Discovery
Foto: Privat

Modell

Etter at det blei kjent at Sellevoll skulle vera med i realityserien, blei han sparka frå modellbyrået Team Models kor hillesvågingen var i stallen.

Då uttalte modellmamma Eivor Øvrebø følgande

– Det er heilt håplaust. Då eg fekk vite om dette, var det heilt greitt for meg å sette foten ned. Adrian har fått beskjed frå oss om at vi ikkje vil representera han meir, fordi det er dårleg reklame for oss.

Ifølge VG var responsen til Sellevoll slik:

– What? Har eg blitt kicka ut. Eigentleg er det veldig vittig, men eg syntest samtidig det er eit rart grunnlag.

Men sidan har lukka snudd. Dei siste par månadane har Sellevoll posta ivrig på sosiale media frå Milano, der han har jobba som modell.