Tysdag 23. oktober kjem statsminister Erna Solberg (Høgre) til Knarvik, der ho skal læra meir om korleis ein jobbar med mat og ernæring ved Knarvik sjukeheim, og i Lindås kommune elles.

Solberg skal mellom anna sitja til bords saman med ti av bebuarane på sjukeheimen, som no får middagen på ettermiddagstid for at dei skal få best mogleg utbytte av måltidet.

– Kjøkkensjef ved Knarvik sjukeheim, Hans Stapnes, har jobba med dette på ein spennande måte. Då han starta, var han mellom anna på turné og åt middag saman med dei eldre på institusjonane våre. Målet hans var å oppleva korleis dei har det, og få innspel til vidare utvikling, fortel Silje Andvik Hoaas i Lindås kommune.

Som resultat av Stapnes sine undersøkingar vart hovudmåltidet flytta seinare på dag.