Temaet i år er ”den norske kvardagssyklisten”. Nasjonalt heiter aksjonen "Sykle til jobben", men i Lindås har ein valt å leggja like mykje vekt på all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida.

MELD DEG PÅ HER

– På den måten får ein også med dei som ikkje likar å sykla, eller som har for lang eller farleg veg til jobben, seier folkehelsekoordinator i Lindås kommune, Hilde Ulvik Hauge.

Sprekt samarbeid

Det er Lindås kommune i samarbeid med avisa Strilen og Nordhordland sykkelklubb som står bak aksjonen lokalt.

Dei oppmodar folk å registrera all fysisk aktivitet frå styrketrening, fotball, yoga, jogging, spaserturar og symjing til sykling.

– Du får poeng for alt du gjer, anten du deltar på lag eller melder deg på aleine, forklarer Linda Olsen Løland i aksjonsgruppa for Bedriftsidretten.

Ho fortel at aksjonen har spesielt fokus på å bruka kroppen som aktivt transportmiddel. Difor vil ein få eitt poeng uansett lengde dersom ein velgjer vekk bilen.

Elles kan ein oppnå inntil tre poeng kvar dag, der nitti minuttar med aktivitet gir full pott.

Kommunen spanderer

Lindås kommune har inngått ein kommuneavtale med "Sykle til jobben", som inneber at det er gratis å delta for alle som bur og eller jobbar i Lindås, både kommunetilsette og tilsette i bedrifter som held til i kommunen. Men alle andre som har lyst kan også delta, då må dei berre betala dei 139 kronene i deltakarkontingent sjølve.

Folkehelsekoordinatoren fortel at kommunen spanderer aksjonen på innbyggjarane fordi dei er er opptekne av gode levevilkår og gode levevanar som bidreg til god folkehelse.

– Med store avstandar og tidsklemme blir det lett å ta bilen, difor håpar me dette vil gi folk eit lite puff til å ta val om å bli meir aktiv, og på den måten ta ansvar for si eiga helse, seier ho.

Kor mange dei klarer å få med er vanskeleg å gissa sidan det er første gongen kommunen deltar.

– Men det hadde vore grådig kjekt om me fekk med rundt 300, seier ho.

Vinn-vinn

Både Ulvik Hauge og Olsen Løland håpar folk no vil rotta seg saman og la det gå litt sport i det.

– Å trena saman med andre forpliktar meir enn å trena åleine, så set gjerne saman lag på jobben og kjør på. Det handlar som oftast mest om å komma seg i gang, seier dei.

Ei som veit alt om dette, er Anita Skarpenes. Ho begynte å sykla til jobben for fem år sidan, og sit no i styret i Nordhordland sykkelklubb.

– Eg hadde åtte kilometer kvar veg og var i starten kjempeimponert over at eg klarte det. No blir det altfor kort, seier 42-åringen som er blitt heilt hekta på trening.

– Det som var så genialt med å sykla til jobben, var at eg på den måten fekk gjort unna dagens trening, legg ho til.

Forventar gode historier

Redaktøren i Strilen, Stig Elliott, fortel at han blei spurd av kommunen om å bli med på aksjonen.

– Me opplever aksjonen som eit veldig positivt tiltak, så dersom me kan vera med å oppildna folk til å bli med, er det berre moro. Dessutan reknar me med at det vil dukka opp ein del spennande historier undervegs som me kan dela med lesarane, seier han.

Begynn i det små

Dei fire sine råd er å begynna med små ting og bruka nærmiljøet.

– Ein kan like gjerne spasera rundt Kvassnesstemma som å gå på Austlendingen. Ein treng heller ikkje gjera noko ekstra, men endra på ting ein alt gjer, som å ta trappene i staden for heisen og gå eller sykla til butikken eller til trening. På den måten blir det like mykje konkurranse mot deg sjølv som mot andre, seier dei.

Påmeldinga begynte fredag 10. mars.

Ein kan anten melda seg på via Strilen, som vil ha ei fast lenke til aksjonen frå og med fredag 17. mars, eller direkte på www.sykletiljobben.no

Det følgjer sjølvsagt med premiering, dette kan du også lesa om på nettsida til aksjonen.

MELD DEG PÅ HER