Torsdag ettermiddag blei det lange køar i alle retninga over Flatøy. Verken Vegtrafikksentralen eller naudetatane melde om nokon spesielle hendingar.

Ein tipsar fortalde Strilen at det skal vera snakk om bilberging. Rundt klokka 15 kom det også ein bilbergar over Hagelsundbrua, mot Knarvik, med ein bil på planet.

Enn så lenge bygde køane seg opp mot - og over - alle dei tre Flatøy-bruene.

Ved 15.20-tida glei trafikken igjen, men det tok litt tid før det verkeleg var «fri flyt».

Sjå korleis trafikken er ved å sjå på dette kartet (raudt betyr kø, grønt betyr at trafikken flyter bra. Oransje farge betyr at køane er i ferd med å løyse seg opp).

Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
KØKØKØ: Slik såg det ut over Nordhordlandsbrua i 14.45-tida torsdag. Foto: Statens Vegvesen