Fellesnemnda for den nye kommunen, med medlemmer frå formannskapa i Lindås, Meland og Radøy, vedtok måndag 1. oktober det nye kommunevåpenet for kommunen. Det er gjort nokre mindre justeringar på framlegget som vart offentleggjort tidleg i september, men no er det endeleg spikra.

– Resultatet me har fått fortel mykje om kulturen her, og om Alver i fortid og notid, sa Nils Marton Aadland då han måndag presenterte det endelege resultatet.

Varaordføraren frå Meland har vore leiar i utvalet som har jobba med kommunevåpenet, og har hatt med seg Nina Stabell Øvreås frå Lindås som nestleiar, og dei tre medlemmene Kirsti Gjetle Floen (Radøy), Asle Hetlebakke (Lindås) og Sølvi Knudsen (Meland).

LEIAR: Nils Marton Aadland har vore leiar i utvalet som har jobba med kommunevåpenet. Foto: Ketil Tjore

Bru og båt

– Det var to tema som tidleg merka seg ut, det var bru og båt, sa Aadland, og det er nettopp desse to symbola som er det endelege kommunevåpenet.

Etter ein runde der nemnda gjekk breitt ut og fekk innspel på moglege kommunevåpen, vart det lyst ut ein designkonkurranse som skulle jobba vidare med dei elementa som nemnda helst ville ha med. Aadland og resten av nemnda har stått samla bak det førebelse framlegget dei la fram i september, og det endelege utkastet som no er vedteke.

– Båt og bru er både historie og framtid. Det seier noko om kven med er, og kvar me har vore. Dette er ein historie me er stolte av, og som me ønskjer å fortelja til andre, sa Aadland.

– Det har vore spennande å jobba med eit kommunevåpen som skal stå over mange, mange tiår.

Ikkje heilt etter boka

Tidlegare var det slik at kommunevåpen måtte godkjennast heilt til topps, av Kongen i statsråd. No er dette regelverket mjuka opp litt, slik at kommunane sjølve kan få bestemma kva for kommunevåpen dei vil ha. Dette utnyttar no Alver, ved å gå for eit kommunevåpen som ikkje heilt oppfyller dei tidlegare krava.

«Regelbrotet» er at det det nye kommunevåpenet ikkje oppfyller krava til «flatestil». At eit kommunevåpen eller eit anna våpen er laga etter heraldisk flatestil betyr at skjoldet tydeleg skal kunna avbildast aleine ved tinkturflater, utan hjelpestrekar eller skyggelegging. Desse krava oppfyller ikkje Alver sitt nye kommunevåpen, men det vert no likevel slik.

KAKE: Heldigvis vart kommunevåpenet vedteke, slik at den ferdige kaka ikkje måtte fiksast på. Foto: Ketil Tjore

Lokalt designa

Etter den første innspelsrunden var det ein finale der godkjende designbyrå kunne melda seg på for å laga utkast med dei symbola som nemnda hadde plukka ut.

Vinnarutkastet er produsert lokalt, av Reklamehuset i Knarvik, og det er dagleg leiar Evy Eknes som sjølv har laga dette.

– Det er kjekt at det er laga av nokon som jobbar i Alver, sa Nils Marton Aadland.

– For oss som ei lokal bedrift er det kjekt å nå opp i denne konkurransen, sa Evy Eknes, som fekk med seg blomar, rosande ord og ein sjekk på 50.000 kroner.

Bedrifta heldt til i Knarvik, og har sju tilsette, fem på heiltid og to på deltid.

FEKK SKRYT: Evy Eknes frå Reklamehuset fekk ros for å ha laga utkastet som gjekk heilt til topps. Frå venstre Meland-ordførar Øyvind H. Oddekalv, Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, Radøy-ordførar Jon Askeland og Evy Eknes, dagleg leiar for Reklamehuset AS i Knarvik. Foto: Ketil Tjore

Mot ei røyst

Fellesnemnda sitt endelege vedtak om kommunevåpen vart gjort mot ei røyst, Ståle Juvik Hauge frå Lindås Ap. Hauge sa at båten i motivet er for lik ein oselvar, til at ein kan bruka den i eit kommunevåpen for Alver.

– Båten er ein treborda oselvar! Og brua er ei betongbru og ikkje i stein som er det historiske, sa Hauge.

Nils Marton Aadland svara på vegner av nemnda som har jobba med kommunevåpenet at båten er ein båt, og ikkje noko meir enn det.

– Dette er ein båt, og det er båten som har knytt desse kommunane saman i fortid og notid, og inn i framtida, sa Aadland.

SLIK VERT DET: Dette er det endelege kommunevåpenet for Alver. Foto: Evy Eknes/Reklamehuset