No håpar Røde Kors si avdeling på Lindås Nord, å bidra til at dei som har hatt ei ekstra vanskeleg tid i 2018, skal få ei gåve under treet.

Spesielt barnefamiliar, arbeidsledige eller einslege kan oppleva at det er vanskeleg å få endane til å møtast. Å stella til jul på ein allereie stram økonomi er både ei stor utfordring og ei stor belasting. Julegåver er noko mange kan sjå langt etter, og det er spesielt borna ein ønskjer å fanga opp.

Vanskeleg situasjon

– Her på Lindås er me ein gjeng på 15-16 personar som meir eller mindre melde oss inn i Røde Kors nettopp fordi me ønskte å starta Juleaksjonen 2018 i vårt distrikt, seier Aud Marit Nygård.

For å kunna motta gåver kan ein søkja. Eller ein kan senda inn informasjon til Røde Kors om ein kjenner nokon ein trur er i ein vanskeleg situasjon. Søknaden sender du til rk.lindasnord@nhrk.no, så vil dei ta kontakt.

Glassbolle med hjerter

– Me kjem til å vera til stades under julegateopninga på Lindås senter. Då vil me dela ut informasjon om nettopp denne aksjonen. Me har også inngått ein avtale med to av butikkane i senteret, Skruen og Nille. Dei kjem til å ha ein glasbolle med hjarter ståande framme. Der kan bygdefolk velja seg eit hjarte og levera inn ei gåve, fortel Nygård.

Taushetsplikt

Ho minner på at alle i Røde Kors har taushetsplikt og at det er veldig få personar som skal vita kven det er som søkjer. Gåvene vert køyrde ut med bil, og det er ikkje snakk om mange sjåførar som får tilgang til adressene. Det er framleis mykje skam knytt til å vera fattig i Norge, og mange kvir seg for å søkja, nettopp fordi dei ikkje vil at nokon skal vita om det.

Ønskjer du å gje eit bidrag til Juleaksjonen 2018 kan du overføra ein valfri sum til Røde Kors avdeling Lindås sim bankkonto nummer 36355023197. Merk innbetalinga med «Jul 2018». Det er også muleg å gi gjennom VIPPS: 543935